www.vikebygd.net
22.07.2018

  »   Meny

  »   NYHETER
  --- »   Arkiv
  --- »   Tips oss!
  »   FAKTA
  »   LAGENE
  »   KAMPER

  »   GJESTEBOK
  »   FOTOALBUM
  »   KONTAKTINFO



  »   Innlogging

Bruker:
Passord:




» Vikeputten 2012:
Av Steinar Skartland - 06.05.2012 20:46Til nyhetsoversikt | Utskriftsvennlig | Visninger: 3574

Vikebygd Idrettslag arrangerte Vikeputten, 28. april 2012

700 born på fotballturnering i Vikebygd


Heile 74 lokale fotballag deltok i fotballturneringa for born på idrettsbanen i Vikebygd laurdag 28. april. Det er fire fleire lokale lag enn i fjor, understrekar Rune Hetland. Både på dei åtte fotballbanane og langs sidelinja var det glade røyster å høyra. Utan at nokon talde nøyaktig alle som møtte fram, er eit godt anslag omlag 1500 store og små som var på arrangementet. Både spelarar, trenarar, familiemedlemer og bygdefolk.

112 kampar vart spela dei 8 timane arrangementet varte. Fotballgruppa hadde ordna 16 dommarar, så godt som alle var frå Vikebygd.

Rune Hetland har vore i spissen for Vikeputten i mange år, men i år fekk Roald Årvik ansvaret saman med Tore Espeland som hadde hendene fulle med premieutdeling til laga etter kvart dei var ferdige med kampane sine. Rune rosar alle som har vore med i ulika ansvarsoppgåver og dermed er viktige for at arrangementet går såpass knirkefritt. Arbeidsgruppene var delt i to skift som bytte klokka 12:30. Då dei alle har nokon av sine eigne på banen fekk dei slik også vera med i heiagjengen på sidelinja.


Mat og drikke er viktige både for spelarar og tilskodarar. Anita Øvstedal hadde ansvaret for kafédrifta på føremiddagen og Laila Øvstedal Espeland på ettermiddagen, saman med ein stor dugnadsgjeng. Kaker, pølser, karbonadar og kaffi gjekk unna. Sponsorsjef var Britt Jorunn Veastad, som hadde skaffa støtte frå ei rekkje bedrifter. Gjennom dagen vart laga fotograferte. Ein av premiane var ein diplom med bilete av laget på.

Fotballen i Vikebygd har utvikla seg gjennom dei 11 åra ein har arrangert Vikeputten. I år stilte bygda med heile 8 av dei 74 laga. For borna var det mest stas å få vera med på eit slikt stort arrangement, og kva stillinga vart ved slutten av kampen var det ikkje alle som var like opptekne av. Gleda med å spela vart det som overskygga alt.

Vikebygd-laga spela desse kampane:
GJ7
Vikebygd GJ7 - Etne GJ6: 4-0
Vikebygd GJ7 - Ølen J7: 2-5
Vikebygd GJ7 - Ølen J8: 3-4

J8
Vikebygd J8 - Vindafjord J7: 6-0
Vikebygd J8 - Skjoldar J8: 7-1
Vikebygd J8 - Ølen J8: 5-2

J9
Vikebygd J9 - Bjoa J9: 2-0
Vikebygd J9 - Ølen J9-1: 2-6
Vikebygd J9 - Skjoldar J9: 7-2

G10
Vikebygd G10 - Skånevik G10-1: 6-2
Vikebygd G10 - Skjoldar G10: 2-2
Vikebygd G10 - Etne G10: 5-0

J10
Vikebygd J10 - Skjoldar J10: 1-2
Vikebygd J10 - Skjold J10: 6-0
Vikebygd J10 - Ølen J11-1: 2-4

J11
Vikebygd J11 - Bokn J11: 7-0
Vikebygd J11 - Ølen J11-2:
Vikebygd J11 - Vats J12: 3-6

G12
Vikebygd G12-1 - Bokn G12: 10-2
Vikebygd G12-1 - Vikebygd G12-2: 5-4
Vikebygd G12-1 - Skjoldar G12: 4-6
Vikebygd G12-2 - Bokn G12: 4-4
Vikebygd G12-2 - Skjoldar G12: 7-6

FOTOALBUM FRÅ VIKEPUTTEN.



  »   De siste nyhetene   »   Kommende kamper   »   Spilte kamper   »   Hovedsponsor
 20.05 » VIKEPUTTEN 2013
 06.05 » Vikeputten 2012
 01.05 » Vikeputten 2011
 01.08 » Vikeputten 2010
 02.05 » Vikeputten 2009
 17.10 » Sauda 2 - Vikebygd 11/12 år  8-3
 11.10 » Ølen 1 - Vikebygd 9/10år  0-4
 06.10 » Vikebygd 9/10år - Ølen 2  2-0
 03.10 » Vikebygd 11/12 år - Vats 94  7-10
 28.09 » Skjoldar - Vikebygd 9/10år  0-4
Vikebygd IL - Fotballgruppa | webmaster Ivar Sandvig Thorsen | sideinfo | Produsert av essolutions - 2005