www.vikebygd.net
18.06.2018

  »   Meny

  »   NYHETER
  --- »   Arkiv
  --- »   Tips oss!
  »   FAKTA
  »   LAGENE
  »   KAMPER

  »   GJESTEBOK
  »   FOTOALBUM
  »   KONTAKTINFO



  »   Innlogging

Bruker:
Passord:




» Vikeputten 2011:
Av Steinar Skartland - 01.05.2011 22:30Til nyhetsoversikt | Utskriftsvennlig | Visninger: 3602

Fotballgruppa i Vikebygd arrangerte 30. april 2011 den 10. Vikeputten. Talet på lag og deltakarar har auka år for år og nå var 76 lag og 700 born med som spelarar på grasbanen i Vikebygd. Dei yngste spela 2 x 12 minutt og dei eldste 2 x 15 minutt. Kvart lag fekk 3 kampar. Eit strålande flott solskinn gjorde at ekstra mange fann vegen til Vikebygd og idrettsbanen denne laurdagen. Kor mange er ikkje kjent, men det var truleg totalt over 2500.

Les meir om turneringa på vikebygd.org


-Då vi starta opp Vikeputten for 10 år sidan var det kanskje med 20 lag. Dette har auka gradvis og i år er det ny rekord med 76 lag, fortel primus motor for Vikeputten, Rune Hetland.

-Dei 76 laga som deltek betaler kvar 450-500 kroner alt etter kor mange lag dei har med, seier Rune.
-Saman med utruleg god støtte frå ca 50 store og små sponsorar og ikkje minst ein fantastisk gjeng som sel mykje og rimeleg frå kafeen, så blir det ein fin netto på arrangementet.
-Det fortener og dei om lag 100 i bygda som nå deltek med ein imponerande dugnadsinnsats før og under Vikeputten. Eg er utruleg takknemleg og imponert over kor positive og ikkje minst flinke alle er i sine oppgåver, seier Rune Hetland.

Dugnadsbygda
Dugnadsinnsatsen kan denne bygda verkeleg vera stolt over.
Og pengane kjem vel med; både til å finansiera klubbhuset, opprusting av anlegget, utstyr og drift av laget.

-Med Vikeputten og Vikebygd-festivalen slepp me å gjera all slags smådugnader for å skaffa pengar til laget og kan elles konsentrera oss om det sportslege.
....og sjølv om det kostar tid og krefter er jo det verkeleg givande å sjå at me klarer å få til eit så stort arrangement som skaper så mykje trivsel for dei unge, og det ser ut til at dei vaksne også kosar seg i Vikebygd denne dagen. At me set Vikebygd på kartet er og viktig.

Rune - Eldsjela i fotballen som får andre med seg
Leiaren i fotballgruppa, Tore Espeland, legg vekt på den rolla Rune har spela i å få til dette arrangementet. Saman gler dei seg over at arrangementet har gått knirkefritt og takkar sponsorane for den økonomiske hjelpa. Dei viser stolt fram gåvesjekken på 25.000 kroner frå SR-bank.
-Men den lokale verksemda, Dommersnes og Larsen AS, har gitt minst like stor støtte, understrekar Rune. Dei har sponsa 700 T-skjorter til alle spelarane og alle premiane.

Har det vore nokre skader?
-Vi hadde beredskap med to sjuke-pleiarar, men det har ikkje vore alvorlege skadar, seier Tore. Det var ein fot vi måtte kjøle ned med is, men det var ikkje beinbrot. Elles berre småskrammer.





  »   De siste nyhetene   »   Kommende kamper   »   Spilte kamper   »   Hovedsponsor
 20.05 » VIKEPUTTEN 2013
 06.05 » Vikeputten 2012
 01.05 » Vikeputten 2011
 01.08 » Vikeputten 2010
 02.05 » Vikeputten 2009
 17.10 » Sauda 2 - Vikebygd 11/12 år  8-3
 11.10 » Ølen 1 - Vikebygd 9/10år  0-4
 06.10 » Vikebygd 9/10år - Ølen 2  2-0
 03.10 » Vikebygd 11/12 år - Vats 94  7-10
 28.09 » Skjoldar - Vikebygd 9/10år  0-4
Vikebygd IL - Fotballgruppa | webmaster Ivar Sandvig Thorsen | sideinfo | Produsert av essolutions - 2005