www.vikebygd.net
25.09.2018

  »   Meny

  »   NYHETER
  --- »   Arkiv
  --- »   Tips oss!
  »   FAKTA
  »   LAGENE
  »   KAMPER

  »   GJESTEBOK
  »   FOTOALBUM
  »   KONTAKTINFO



  »   Innlogging

Bruker:
Passord:




» Vikeputten 2010:
Av Steinar Skartland - 01.08.2010 13:23Til nyhetsoversikt | Utskriftsvennlig | Visninger: 4840

Fotballturnering i Vikebygd 24. april 2010

Rekordoppslutning i jubel og glede på Vikeputten
(24.4.10) Aldri har det vore så mange fotballag på turnering i Vikebygd. 69 lag var påmeld. 700 born deltok. 100 vaksne var på dugnad og dersom det var 2 familiemedlemar med kvar deltakar så var over 25000 store og små på beina i jubel og idrettsglede. Kanskje så mange som 2500. Vikebygd Idrettslag vanka ros frå alle på eit fantastisk arrangement.


Klikk her- Kva er det som er så spesielt med Vikebuen at dei kan stilla med eit slik arrangement dagen før dei skal ha konfirmasjon i bygda, måtte ein Vågsbu spørja. Det var ikkje utan grunn. Til og med vêrgudane var på bygda si side denne dagen. Kvar gong sola braut gjennom det lette skydekket kunne ein kasta jakka. Men dei som var på banen hadde anna å tenkja på. Med jublande og rosande tilrop frå foreldre og supporterar gjekk beina som trommestikker der dei jaga etter ballen. Og mål vart det for dei fleste laga. Fotball er noko Vikebuen kan, og med så mange fotballgalne folk frå bygdene på Haugalandet og i Sunnhordland så kan det ikkje bli anna enn suksess. På hovudvegen var det fult av bilar parkert frå Veastad og forbi skulen i tillegg til at både grusbanen og alle tilgjengeleg parkeringsplassar var fulle.

Fotoalbum Vikeputten 2010, sjå HER.
Kampoppsett med lag for Vikeputten: HER.
Informasjon frå idr.laget før arr.: HER.

O-gruppa si webside finn du HER
 




  »   De siste nyhetene   »   Kommende kamper   »   Spilte kamper   »   Hovedsponsor
 20.05 » VIKEPUTTEN 2013
 06.05 » Vikeputten 2012
 01.05 » Vikeputten 2011
 01.08 » Vikeputten 2010
 02.05 » Vikeputten 2009
 17.10 » Sauda 2 - Vikebygd 11/12 år  8-3
 11.10 » Ølen 1 - Vikebygd 9/10år  0-4
 06.10 » Vikebygd 9/10år - Ølen 2  2-0
 03.10 » Vikebygd 11/12 år - Vats 94  7-10
 28.09 » Skjoldar - Vikebygd 9/10år  0-4
Vikebygd IL - Fotballgruppa | webmaster Ivar Sandvig Thorsen | sideinfo | Produsert av essolutions - 2005