www.vikebygd.net
26.05.2018

  »   Meny

  »   NYHETER
  --- »   Arkiv
  --- »   Tips oss!
  »   FAKTA
  »   LAGENE
  »   KAMPER

  »   GJESTEBOK
  »   FOTOALBUM
  »   KONTAKTINFO



  »   Innlogging

Bruker:
Passord:




» Vikeputten 2009:
Av Steinar Skartland - 02.05.2009 18:16Til nyhetsoversikt | Utskriftsvennlig | Visninger: 4208

Vikeputten fotballturnering 25. april:
59 fotballag gjorde dagen til ein fest
Fotoalbum VIKEPUTTEN 2009


Det var trafikkork og køkjøyring då 59 fotballag med vener, familie og supportarar strøymde til Vikebygd på vårens vakraste dag. Sol og varme i kombinasjon med glede og smil. Kor mange som var rundt idrettsbanen veit ein ikkje sikkert, men dei fleste meiner talet var godt over 1000.



Her var dei i alle aldrar. Ruth Svendsbø er ein av veteranane på langsida. I gjennom mange år har ho vore på mest alle kampar på Vikebygd stadion. Born og barneborn har i tur og orden teke på seg fotballskor og vore med. Fotball, orientering, speidar-grupper og musikkorps. Det er noko byg-da er vorten kjend for. Merkeleg nok så er det dei same blide fjesa vi finn igjen i dei fleste aktivitetane.



Kampane gjekk tett med skifte kvar halv-time, frå klokka 8:30 til 17:00. Det vart både sigrar og tap, men gleda var like stor. Nokre tårer vart det nok for målvakta som vart skada på leggen, men smilet kom etter kvart fram igjen - og ein reserve kom på plass i målet så fort at her kunne ikkje dommaren leggja til ekstra tid i kampen.



Laga kom i frå heile Haugalandet, inn til Etne og Skånevik. Arrangementet er vorten ein tradisjon, og Vikebygd Idrettslag er vorten stadig meir og meir professjonelle i å arrangera dette. I år var banane noko mindre, og grasbanen var delt i 6 mindre banar med gode skiljegjerder mellom. I tillegg spela nokre kampar på grusbanen. Dei minste laga var heilt ned i første klassen på barneskulen, men spela fotball - det kunne dei.



I år var det heller ikkje nokon som vart våt av regn. Våren er komen tidleg, og gradestokken kraup opp i 17 grader i skuggen. I sola var det varmare. Då var det godt å kunna byta på å spela og å få seg ei vassflaske innimellom.



Resultata frå kampane kan du lesa ved å klikka på bildet til venstre.



Fleire bilder frå arrangementet kan du sjå HER



Og foreldra stilte opp med dugnad. Det er mange hender som skal til for å klara å få gjennomført desse hektiske timane ved idrettsbanen. Første dugnadsskift var på plass klokka 7:45, men alt fredagskvelden var det rigga opp med telt, fotballmål og anna utstyr.



Det var ikkje alle som det kribla like mykje i føtene på for å springa ut på banen. Det fekk dei overlata til dei unge. Men det er tydeleg at alle aldrar set pris på å få vera med i folkefesten når Vikebygd IL arrangerer fotballturnering ved bygdahuset. Veteranane var der. Nokre for å heia på barnebarn og kanskje oldebarn, andre for å vera der det skjer. Me må støtta opp om slike tiltak i bygda. Og me takkar dei i bygda sine mange lag og klubb ar som står i bresjen for å få til noko. Gjennom det så veks vi og trivselen med den.



Fotoalbum frå Vikeputten 2009: HER






  »   De siste nyhetene   »   Kommende kamper   »   Spilte kamper   »   Hovedsponsor
 20.05 » VIKEPUTTEN 2013
 06.05 » Vikeputten 2012
 01.05 » Vikeputten 2011
 01.08 » Vikeputten 2010
 02.05 » Vikeputten 2009
 17.10 » Sauda 2 - Vikebygd 11/12 år  8-3
 11.10 » Ølen 1 - Vikebygd 9/10år  0-4
 06.10 » Vikebygd 9/10år - Ølen 2  2-0
 03.10 » Vikebygd 11/12 år - Vats 94  7-10
 28.09 » Skjoldar - Vikebygd 9/10år  0-4
Vikebygd IL - Fotballgruppa | webmaster Ivar Sandvig Thorsen | sideinfo | Produsert av essolutions - 2005